Innføring i konkurs (nynorsk)

Konkursrådet gjev her ei kort innføring i konkursrett. Teksten er skriven med tanke på folk som ikkje kan noko om konkursrett frå før.

1. Korleis blir ein konkurs til?

1.1 Innleiing
1.2 Skuldnaren må vere insolvent
1.3 Det blir sett fram krav om konkursopning
1.4 Avgjerd om konkursopning

2. Kva skjer ved konkursen?

2.1 Eit konkursbu blir til
2.2 Ein advokat blir bustyrar
2.3 Bustyre og skiftesamling
2.4 Verdiane må delast
2.5 Konkurskarantene og straff

3. Andre ordningar enn konkurs

3.1 Gjeldsordningslova
3.2 Andre typar gjeldsforhandling


 

1. Korleis blir ein konkurs til?

1.1 Innleiing

Både personar og selskap kan gå konkurs. Under konkursen skjer det ein full gjennomgang av økonomien til skuldnaren: Konkursen skal bringe på det reine kva han eig, og kor stor gjeld han har til andre.

Det er ikkje straffbart å gå konkurs. Ei anna saka er at det kan bli oppdaga andre straffbare handlingar under konkursen, som til dømes at det ikkje er ført pålagte rekneskap.

Under konkursen blir eigedelane til skuldnaren selde for å skaffe inntekter. Men for nokre ting er det gjort unntak - til dømes klede, vanleg innbu og andre personlege ting. Meininga med å selja tinga er å få tak i pengar til alle dei som har eit krav mot skuldnaren. Det er svært sjeldan at det blir nok pengar. Til vanleg kjem det berre inn ein liten del av dei midlane som trengst. Ein konkurs vil difor ofte føre til økonomisk tap både for skuldnaren sjølv og for dei som krev pengar. Dei siste blir gjerne kalla kreditorar. Eit viktig mål under konkursen er at pengane skal bli delte på ein rettvis måte mellom kreditorane.

Gjelda blir ikkje sletta gjennom konkursen. Den delen gjelda som ikkje blir betalt, skal skuldnaren dekkje av seinare inntekter. Men dersom eit aksjeselskap (AS) går konkurs, sluttar selskapet å eksistere. Aksjeselskapet blir sletta. Dette fører til at aksjeselskapet aldri betaler gjelda.

I 1998 blei det registrert 3 320 konkursar ved Konkursregisteret i Brønnøysund.

Omfanget av konkursar vekslar med den økonomiske utviklinga. Eit oversyn på omfanget av konkursar i Noreg sidan 1920 viser dette:

Årstal: Åpnete konkurser:
1926 1 317
1950 221
1980 765
1985 1 340
1990 3 814
1992 5 749
1997 3 289
1998 3 320

Talet på konkursar pr. år var under 1 000 i heile perioden 1928-1983. Ved inngangen til 1990-åra blei talet mangedobla.

1.2 Skuldnaren må vere insolvent

Ein person må vere insolvent for å gå konkurs. Det motsette av å vere insolvent er å vere solvent. Desse orda blir brukte som merkelappar på korleis det står til økonomisk med ein bestemt person eller eit selskap.

Den som er insolvent, har ikkje nok pengar til å betale rekningar og andre utgifter i tide. Du er likevel ikkje insolvent sjølv om du av og til må utsetje betalinga av bestemte rekningar, til dømes av husleiga. Ordet insolvens blir berre brukt når mangelen på kontantar vil vare i ei viss tid framover. Det er ikkje bestemt i lova akkurat kor langt dette tidsrommet må vere.

Sjølv om ein skuldnar manglar kontantar, er han ikkje insolvent dersom det han eig til saman har større verdi enn heile gjelda. Eit døme kan kanskje forklare dette poenget: Ein minstepensjonist har små inntekter. Det er ikkje lett å betale alle rekningar med trygda. Men dersom pensjonisten samstundes eig eit flott, gamalt hus som han kan selje, er han ikkje insolvent. Dette gjeld så sant salet av huset gjev nok pengar til å dekkje heile gjelda.

1.3 Det blir sett fram krav om konkursopning

Insolvens er eit vilkår for konkurs. Konkurs blir likevel berre utfallet dersom nokon ynskjer det, anten ein kreditor eller skuldnaren sjølv.

Etter lova har skuldnaren av og til plikt til å be om konkurs. Denne plikta har han fordi kreditorane elles kan kome til å tape fleire pengar enn nødvendig. Også kreditorane kan be om at skuldnaren skal gå konkurs. Dette kan dei gjere fordi dei meiner at skuldnaren har svak økonomi. Gjennom konkursen vonar kreditorane på å få inn iallfall litt pengar.

Når nokon har bestemt seg for å be om konkurs, sender han eller ho eit krav om konkursopning (kravet blir gjerne kalla "konkursbegjæring") til den lokale domstolen. I byane blir denne domstolen kalla byrett, elles i landet heiter den heradsrett. Men når ein byrett eller ein heradsrett abeider med saker som gjeld konkurs, kallar den seg sjølv for tingrett. I Oslo er det ei eiga ordning: Her er det ein fast domstol for skiftesaker med namnet Oslo tingrett.

Den som krev konkursopning, kan bli halden ansvarleg for ein del av dei utgiftene som kravet fører med seg. Samstundes som kravet blir sendt til retten, må ein difor betale eit beløp som skal dekkje slike utgifter. Beløpet er for tida kr 20 000. Beløpet blir betalt tilbake dersom det seinare viser seg at skuldnaren har nok pengar til å dekkje alle utgifter som tingretten har hatt i samband med konkurskravet.

Det er nokre unntak frå regelen om at ein må betale forskot til tingretten. Skuldnaren sjølv treng ikkje betale, og det same gjeld ein arbeidstakar som ikkje har fått lønn, og som difor krev at konkurs blir opna hos arbeidsgjevaren. Tingretten kan også gjere andre unntak frå kravet om betaling dersom retten meiner at det er særleg viktig at konkurs blir opna.

På grunn av denne ordninga med ansvar for utgiftene, er mange kreditorar varsame med å krevje konkursopning. Det hender difor ofte at selskap er insolvente utan at nokon krev konkursopning.

1.4 Avgjerd om konkursopning

Når tingretten har fått eit krav om konkursopning, kallar den raskt inn til eit møte. I dette møtet deltek skuldnaren og den kreditoren som har sett fram kravet om konkurs. Tingretten kjem med ein orskurd (på bokmål: "kjennelse") om konkursopning dersom den meiner at skuldnaren er insolvent. Lovverket inneheld dessutan andre vilkår for konkurs som må vere oppfylt. Orskurd er namnet på ein bestemt type rettslege avgjerder. Det går an å klage på orskurden ved kjæremål til lagmannsretten. Dersom ingen nyttar retten til kjæremål, er konkursen eit faktum.

2. Kva skjer ved konkursen?

2.1 Eit konkursbu blir til

Den største endringa etter konkursopninga, er at tingretten opprettar eit konkursbu. Konkursbuet lagar eit skilje mellom skuldnaren som person og økonomien hans. Langt på veg mistar skuldnaren retten til å styre med pengar og eigedelar. Av omsyn til skuldnaren blir det likevel gjort nokre unntak: Klede og andre ting til personleg bruk går ikkje inn i konkursbuet. Desse tinga blir haldne heilt utanfor konkursen.

Det er viktig å hugse på at eit konkursbu berre omfattar ting som skuldnaren eig sjølv. Ting som familien hans eig, blir ikkje ein del av konkursbuet. Det kan ofte by på vanskar å avgjere kva som tilhøyrer skuldnaren. Dette gjeld til dømes når ein gift privatperson går personleg konkurs. Då må ein prøve å avgjere kven av ektefellene som eig kva.

Skuldnaren skal hjelpe til medan konkursen står på. Han har plikt til å gje opplysningar om eigedelane og økonomien.

Alle tinga til skuldnaren skal registrerast. Dette er ei oppgåve for bustyraren (bustyraren er som oftast ein advokat; det står meir om han i punkt 2.2). Medan bustyraren arbeider med registreringa, har ikkje skuldnaren lov til å bruke tinga. Dersom ein fabrikk går konkurs, må leiinga av fabrikken difor stengje alle portane og gje nøklane til bustyraren. Bustyraren skal passe på at tinga ikkje forsvinn, t.d. ved tjuveri. Bustyraren skal også syte for at det blir teikna forsikring for tinga.

Sjølv om ei konkursråka verksemd må gje alle tinga til bustyraren, kan det vere aktuelt å halde fram med drifta av verksemda. Drifta skjer då under leiing av konkursbuet. Dette er særleg aktuelt når det kan gje forteneste at verksemda fullfører eit bestemt prosjekt, til dømes bygginga av eit skip.

2.2 Ein advokat blir bustyrar

Når det ligg føre orskurd om konkursopning, blir det peikt ut ein bustyrar. Han får i oppgåve å utføre ei rekkje oppgåver som konkursen fører med seg. Bustyraren er som regel advokat. Bustyraren skal hjelpe til, slik at konkursen blir gjennomført på ein så korrekt måte som råd. Bustyraren skal sjå etter om buet kan krevja skadebot hos nokon for å få fleire pengar til kreditorane. Dersom skuldnaren har betalt ut pengar dei siste månadene før konkursen, kan betalingane i visse tilfelle krevjast ført tilbake.

Dersom bustyraren oppdagar at det konkursråka selskapet har eigedelar som kan føre til ureining, pliktar han å varsle styresmaktene om dette.

Lysingar i Norsk Lysningsblad og i aviser (lokalaviser) sørgjer for at folk får vite om konkursen. I lysingane blir kreditorane oppmoda om å melde ifrå til bustyraren om krava sine. Kreditorane må varsle om krava innan ein bestemt frist.

2.3 Bustyre og skiftesamling

Bustyraren og tingretten er ikkje aleine om å ta seg av konkursbuet.

Dersom konkursbuet gjeld store verdiar eller krev vanskelege avgjerder, kan det bli oppnemt eit kreditorutval. Det er anten tingretten eller ei skiftesamling som står for denne oppnemninga. (Kva ei skiftesamling er, blir forklart i neste avsnitt.) Kreditorutvalet er sett saman av 1-3 utsendingar frå kreditorane. Saman med bustyraren er desse utsendingane medlemmer av bustyret. Dersom ei verksemd har gått konkurs, kan også dei tilsette i verksemda få eitt medlem i bustyret. Den viktigaste oppgåva for bustyret er å passe på at bustyraren gjer jobben sin på rett måte.

Medan konkursen står på, kan også alle kreditorane bli kalla inn for å treffa vedtak. Dette organet blir kalla skiftesamling. Skiftesamlinga er det øvste organet under konkursen. Det er naturleg at skiftesamlinga har størst makt sidan pengane i buet eigentleg tilhøyrer alle kreditorane i fellesskap.

Dersom det blir usemje på skiftesamlinga, fattar kreditorane vedtak ved røysting. Det er ikkje slik at kvar kreditor har ei røyst. Kreditorane røyster alt etter kor store krav dei har mot skuldnaren. Dess større kravet er, dess større makt har kreditoren. Skiftesamlinga blir leia av ein dommar frå tingretten. Som oftast møter få kreditorar opp på skiftesamlinga.

2.4 Verdiane må delast

Kreditorar som har sikra seg pant i tinga til skuldnaren, kjem best ut av konkursen. Ein bank vil til dømes sikre seg pant i huset når den gjev bustadlån. Blir huset selt under konkursen, har banken førsteretten til salssummen. Ofte vil det hefte pant på mange av tinga, slik at det blir lite igjen til kreditorar utan panterett.

Tinga blir selde på den måten som gjev størst inntekter. Før i tida var det vanleg å halda auksjonar, men dette er nokså sjeldan kost i dag. Bustyraren kan hyra ein medhjelpar, t.d. ein eigedomsmeklar, til å stå for salet av tinga.

Som regel blir konkursen avslutta før ein kjem så langt som til å dele verdiane mellom kreditorane. Slik er det når buet har svært få pantefrie ting. Gjennomgangen av buet blir straks innstilt dersom det ikkje finst store nok verdiar til å dekkje utgiftene som blir til under sjølve konkursen. I 1997 blei 77 % (!) av alle konkursbu innstilt på dette grunnlaget (2 440 av i alt 3 161 konkursbu).

Lønn til bustyraren er eit døme på ei utgift som blir til under sjølve konkursen.

Kreditorane melder ifrå om krava sine til bustyraren. Han skal undersøkje om opplysningane til kreditorane stemmer. Dessutan skal han vurdere kva prioritet dei ulike krava skal ha ved delinga av verdiane. I enkle konkursbu kan bustyraren også ta stilling til om krava skal godkjennast eller ikkje. Dersom det er oppnemt kreditorutval, er det bustyret som har kompetansen til å gje godkjenning. I særskilte tilfelle kan avgjerda også bli overlaten til ei skiftesamling.

Best prioritet har massekrav. Dette er utgifter som oppstår i samband med avviklinga av konkursen.

Etter at massekrava er betalt, kjem turen til krav med særrett av første klasse. Til denne gruppa høyrer krav på lønn frå personar som er tilsett hos skuldnaren. Men det er ei rekkje vilkår som må vere oppfylt for godta slike lønnskrav. Det er difor viktig å vite om at staten har laga ei lønnsgarantiordning ved konkurs. Etter nærare reglar kan arbeidstakaren få utbetalt lønna hos staten i staden for hos den konkursråka arbeidsgjevaren. Når staten betaler på denne måten, tek den til gjengjeld over arbeidstakarens krav mot konkursbuet.

Meir om lønn i samband med konkurs kan du lese i anbefalingen "Behandling av lønnskrav i konkurs".

Den neste gruppa av krav er dei med særrett av andre klasse. Dette er blant anna skattekrav frå stat og kommune.

Sist i køen under konkursen stiller vanlege konkurskrav og dei såkalla "etterprioriterte" krava. Det blir sjeldan noko igjen til desse gruppene.

Når alle verdiane er delte, blir konkursen formelt avslutta. Konkursen blir dessutan formelt avslutta dersom det ikkje finst midlar til deling.

2.5 Konkurskarantene og straff

Det er ikkje ulovleg å gå konkurs. Under konkursen kan det likevel bli oppdaga andre tilhøve som inneber eit brotsverk, eller iallfall at skuldnaren på ein eller annan måte kan klandrast. For å hindre gjentaking, bør skuldnaren få lide litt for feilstega sine. Reglane om straff og konkurskarantene kjem inn her.

Ved konkurskarantene blir skuldnaren fråteken retten til å stifte eller styre dei fleste typar selskap. Det kan bli lagt ned forbod mot at skuldnaren får vere administrerande direktør eller styremedlem i alle typar selskap. Det er tingretten som vedtek konkurskarantene. Karantenen kan gjelde for ein periode på inntil to år. Det går an å klage på avgjerda til lagmannsretten.

Bustyraren vurderer om det er grunn til å vedta konkurskarantene. Han varslar i tilfelle tingretten om saka. Karantene kan bli vedteke dersom det er mistanke om noko straffbart, men dette er ikkje eit vilkår. Karantene kan også bli pålagt dersom forretningsdrifta har vore uforsvarleg.

Meininga med konkurskarantene er å stanse personar som ofte er involvert i konkursar. Karantene kan nyttast både ved personlege konkursar og når selskap går konkurs. Dersom eit selskap går konkurs, kan både styremedlemmene og direktøren bli pålagt karantene.

Meir om konkurskarantene kan du lese i artikkelen "Konkurskarantene".

Også i straffelova finst det reglar om konkurs. Det kan blant anna vere straffbart å halde pengar eller andre verdiar borte frå kreditorane under konkursen. Det kan også vere straffbart å gjere skilnad på kreditorane. Brot på reglane blir straffa med bøter og fengsel. Det er politiet som skal passe på at desse reglane blir haldne, men etter konkurslova skal bustyraren undersøkje om det har skjedd alvorlege straffbare forhold i samband med konkursen. Dersom slikt har skjedd, skal politiet varslast så tidleg som råd.

Meir om dette kan du lese i anbefalingen "Behandlingen av straffbare forhold begått i forbindelse med konkurs".

3. Andre ordningar enn konkurs

Dersom betalingsvanskane blir for store, finst det også andre utvegar enn konkurs. Det finst ordningar som hjelper skuldnaren, og som samstundes passar på at ingen gjer skilnad på dei ulike kreditorane.

3.1 Gjeldsordningslova

På 1980-talet blei mange menneske råka av ei gjeldskrise. Stortinget vedtok difor den 17. juli 1992 ei lov om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersonar. Som namnet seier, gjeld denne lova berre for personar - ikkje for selskap. Meininga med lova er at menneske med stor gjeld skal kunne få ein ny start. Gjeldsoffer skal få sjansen til å vinne tilbake kontrollen over økonomien.

Ved ei gjeldsordning blir det sett opp ein plan over inntektene og utgiftene til skuldnaren dei neste fem åra. Dersom han fører ein nøktern livstil og følgjer den oppsette planen, blir mykje av gjelda sletta ved utløpet av perioden på fem år. Ved ein konkurs blir ikkje gjelda sletta. For skuldnaren vil difor ei gjeldsordning vere eit betre alternativ.

Skuldnaren må sjølv be om gjeldsordning. Søknaden skal skrivast på eit spesielt skjema og sendast til namsmannen. I distrikta er det lensmannen som fungerer som namsmann. I byane er det som regel ein eigen namsmann. Alle som vurderer å søkje om gjeldsordning, har krav på rettleiing frå namsmannen.

Det er berre høve til å be om gjeldsordning ein gong i løpet av livet.

Personar som har skaffa seg stor personleg gjeld i samband med næringsdrift, kan som hovudregel ikkje be om gjeldsordning. Det er dessutan eit lovbestemt vilkår at gjeldsordninga ikkje skal verke "støtende". Det er vanskeleg å forklare innhaldet av dette vilkåret. Meininga er å hindre gjeldsordningar som blir oppfatta som urettvise og urimelege. Dersom gjelda skuldast uvettug forbruk, kan ei gjeldsordning verka "støtende" på andre menneske som med naud og neppe har makta å betale vanlege utgifter.

Namsmannen tek imot søknaden om gjeldsordning, men tek som regel ikkje stilling til om søknaden skal føra fram. Søknaden blir som oftast sendt vidare til namsretten. Namsmannen kan ikkje innvilga søknaden på eiga hand, men han kan i visse tilfelle gje avslag.

Dersom namsretten meiner at alle vilkåra for gjeldsordning er oppfylt, blir det treft avgjerd (ordskurd) om opning av gjeldsforhandling.

Ei gjeldsforhandling vil seia at kreditorane og skuldnaren skal drøfte om det går an å ordne opp i betalingsproblema. Ei opning av gjeldsforhandling blir kunngjort ved lysingar i aviser og Norsk Lysingsblad.

Under gjeldsforhandlinga må skuldnaren lage eit framlegg til gjeldsordning. Som regel vil framlegget gå ut på sletting av deler av gjelda. For resten av gjelda får skuldnaren gjerne utsett betalingsfristane. Dersom skuldnaren har større bustad enn han treng, pliktar han å selje denne for å skaffe pengar. Også andre eigedelar skal seljast, med unntak av personlege ting.

I den første tida etter opninga av gjeldsforhandlinga, skal kreditorane ikkje ta imot pengar frå skuldnaren. Skuldnaren får utsett all plikt til å betale i tre månader, men det skal likevel svarast rente på krava. Skuldnaren får på denne måten ein pustepause medan han arbeider med å få til ei gjeldsordning.

Dersom alle kreditorane godtek gjeldsordninga, snakkar ein om "friviljug gjeldordning". Gjeldsordninga kan også vera tvungen. Då blir ordninga vedteken mot protest frå kreditorane. I 1997 blei det registrert 1 070 friviljuge og 1 142 tvungne gjeldsordningar i Noreg.

Ei tvungen gjeldsordning må stadfestast av namsretten for å vere gyldig. Namsretten skal passe på at ordninga er blitt til i samsvar med regelverket.

3.2 Andre typar gjeldsforhandling

Ordet gjeldsforhandling blir brukt også i andre saker enn dei som følgjer reglane i gjeldsordningslova. Gjennom ei gjeldsforhandling kan skuldnaren for ei viss tid hindre konkurs. Dette gjeld for alle typar skuldnarar, også for næringsdrivande.

Målet med gjeldsforhandlinga er for skuldnaren å oppnå ein avtale med alle kreditorane. Slike avtalar går som regel ut på utsett forfall for gjelda, gjerne kombinert med at kreditorane slettar noko av gjelda. Avtalen kan vera friviljug. Den blir då kalla friviljug gjeldsordning. Avtalen kan også koma i stand mot protestar frå nokre av kreditorane. Avtalen blir då kalla tvangsakkord.

Skuldnaren må sjølv krevje opning av gjeldsforhandling. Eit skriftleg krav om dette skal sendast til tingretten. Tingrett treffer avgjerd om opning av gjeldsforhandling (ved orskurd), så sant vilkåra i lova er oppfylt.

Denne typen gjeldsforhandling blir som hovudregel gjort offentleg kjent. Tingretten kan i unntakstilfelle avgjere at kunngjering skal sløyfast. Årsaka er at det kan skade skuldnaren dersom alle får vite om betalingsproblema.

Dersom kreditorane ikkje blir samde om ei friviljug ordning, kan eit fleirtal vedta ein tvangsakkord. Kor stort fleirtalet må vere, vekslar med innhaldet av tvangsakkorden. Lova krev at skuldnaren må betale minst 25 % av gjelda til samtlege kreditorane ved denne typen avtale. Dette fører til at tvangsakkordar svært sjeldan blir vedtekne.

Forhandlingar om tvangsakkord er offentlege. Ein tvangsakkord må stadfestast av tingretten. Stadfestinga skal sikre at tvangsakkorden er i samsvar med lovverket.

Innføring i konkurs, bokmål.

 

Tips en venn Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS