Lovendringsforslag om mer midler til behandling av konkursboer

Nytt proporsisjonsforslag har i dag blitt behandlet i statsråd. Forslaget kan leses her. Justisdepartementet har samtidig gått ut med følgende pressemelding:
"Forslag om meir midlar til behandling av konkursbu Justisdepartementet foreslår nye reglar for å skaffe meir midlar til behandlinga av konkursbu. I dag er det slik at bubehandlinga vert innstilt i omlag to tredjedelar av konkursbua fordi det ikkje finst midlar i buet til nødvendig bubehandling. Ein grundigare bubehandling vil kunne medføre at det vert funne meir midlar som kjem kreditorane til gode. Samstundes gir det betre muligheiter for å avdekke økonomisk kriminalitet i verksemder som går konkurs. Justisdepartementet foreslår at det vert innført ein regel om at konkursbuet skal ha lovfastsett pant i inntil fem prosent av verdet av alle dei pantsette eigedelane som skyldnaren eig. Det inneber at konkursbuet kan ta ut inntil fem prosent av verdet av eigedelane, men berre dersom midlane trengst til nødvendig bubehandling. I tillegg vert det foreslått at beløpet som må betalast når nokon begjærer ein skyldnar konkurs (rekvirentansvaret) vert auka frå kr. 20 000 til kr. 37 000. Beløpet på kr. 37 000 utgjer 50 gonger rettsgebyret. Rekvirentansvaret har stått uendra på kr. 20 000 sida 1989. Auken av rekvirentansvaret vil særleg få mykje å seie for det offentlege, som er ansvarleg for beløpet i ca. 95% av konkursbua. Rekvirenten vert belasta for beløpet dersom det ikkje finst andre midlar i buet. Kombinasjonen av lovfastsett pant og auke av rekvirentansvaret inneber at kostnadene ved å skaffe meir midlar til konkursbua blir fordelt mellom dei næringsdrivande og det offentlege. Det vert foreslått ein overgangsregel på tre år før det lovfastsette pantet kan gå føre avtalepant som allereie er etablert. Talet på konkursbu som vert innstilte fordi det ikkje finst midlar til bubehandlinga har auka dei seinare åra. Ein av grunnane til at mange bu vert innstilt, er at pantelova har opna for at storparten av skyldnarens eigedelar kan pantetjast for heile verdet. I bu der nesten alt er pantsett, vert det lite att til bubehandling når panthavarane har tatt sitt. Samstundes har prisauka og auking av rettsgebyret medført at det stadig har vorte mindre pengar i bu der rekvirentansvaret må brukast. I mange bu har bubehandlinga vore heilt summarisk. Dette har minka muligheitene for at bustyret kan avdekke unndregne midlar og straffbare forhold i samband med konkursen."
Tips en venn Skriv ut